Plantedag ved Herad kyrkje fredag 8. mai kl. 10:00


Plantedag ved Herad kyrkje fredag 8. mai kl. 10:00 les mer i denne artikkelen:

 

 

Sjølv om det er reglar me må halde oss til i desse koronatidene, må me pynte gravene. Derfor inviterer me til plantedag ved Herad kyrkje fredag 8. mai. Geir Iddeland kjem med planter og han kjem til å vere der frå klokka 10. I tillegg til fine planter kjem han til å ha med seg potetar, honning og egg som me kan kjøpe. Eg vil råde folk til å handle inn planter til å plante ut heime også.

Me veit ikkje kva reglar me skal halde oss til då, men truleg skal me framleis halde avstand. Det kan me lett gjere på gravplassen. Derfor blir det korkje andakt eller servering denne gongen. Kanskje de kan ta med kaffi sjølv slik at kjente kan drikke kaffi saman – med to meters avstand, om vêret tillét? Me kan invitere til andakt og smørbrød det ein gong i sommar når det ikkje lenger er restriksjonar, dersom det er interesse for det. Då kan me samstundes sjå til gravene me har ansvar for.

Heradutvalet

Tilbake